Frå og med laurdag 9. mai kan publikum kjøpa lokalbrus frå Vaagavatn på A-laget sine heimekampar.
Vaagavatn inn som ny sponsor for Stord Fotball
Stord Fotball er glade for å ønskja Vaagavatn velkomen som ny sponsor i klubben.
Frå og med A-laget sin heimekamp laurdag 9. mai vil me selja Vaagavatn-brus på kampane våre. Dermed kan publikum nyta kortreist lokalbrus medan dei heiar fram Stord frå sidelinja.
Vaagavatn har røter tilbake til Ole Vaagen Mineralvannfabrikk, som starta brusproduksjon i kjellaren på Stord i 1933. På folkemunne blei brusen kalla «Vaagavatn», og i dag er den lokale brusproduksjonen teken opp att av etterkomarar etter Ole Vaagen.
Me set stor pris på å få med oss ein lokal aktør med sterk tilknyting til Stord, og gler oss til å tilby Vaagavatn på A-laget sine heimekampar framover.
Tusen takk til Vaagavatn for støtta!
