Stord Fotball

Stifta 1918

Skade / Forsikring

Alle spelarar som har betalt medlemsavgift – og frå 13 år er registrerte i FIKS – er automatisk dekka av grunnforsikringa (idrettslisens). (Trenar/lagleiar må gje klubben beskjed i god tid dersom ein ikkje finn spelaren i FIKS, slik at klubben kan registrere spelaren)
➕ Det er også mogleg å teikne individuell utvida forsikring, men denne må betalast av utøvar sjølv.

Viktig å vite om grunnforsikringa:

  • Ventetid utredning: 3 dagar
  • Ventetid behandling: 60 dagar
  • Eigenandel: normalt 1 500 kr
  • Dekker m.a. utredning/behandling (inntil 20 000 kr), operasjon (inntil 100 000 kr), tannskader, reiseutgifter og psykologisk førstehjelp
    👉 Sjå vedlegget for full oversikt over dekningar

Ved skade

Skade skal alltid meldast inn snarast mogleg, uavhengig av alvorlegheitsgrad.
Skaden meldast til Idrettens Skadetelefon:
🔗 fotball.no/klubb-og-leder/forsikring/2016/idrettens-skadetelefon/

Merk: På grunn av 60 dagar ventetid på behandling, er det svært viktig å melde skaden tidleg.

Stord Fotball har i 2026 samarbeid med Sunnhordland Klinikken.

SHL-klinikken er godkjend behandlar gjennom fotballforsikringa.
Dersom skaden blir godkjend, kan behandlinga dekkjast via forsikringa.