Stord Fotball

Stifta 1918

Stord Fotball inngår samarbeid med det polske firma EMMCO Pomorze.

Forrige veke vart det inngått eit nytt og spanande samarbeid på Vikahaugane, då Stord Fotball signerte sponsoravtale med det polske firma Emmco Pomorze.

Emmco er eit engineering-selskap som har vert på Stord i en årrekke, og leverer spesialisert arbeidskraft, blant annet til det lokale verftet til Aker Solutions.

Kontakten mellom partane kom i stand etter eit initiativ frå Emmco, som hadde eit ynskje om å gi noko tilbake til lokalsamfunnet selskapet er ein del av.

Dei vart tatt godt i mot i Fotballstova av styreleiar Frode Gravdal Olsen og styremedlem Christian Myklebust, som skisserte ulike løysingar for å profilere firma.

Frode Gravdal Olsen, saman med firmaeigar Artur Korzeniowski.

Det heile enda med at Emmco Pomorze vil bli godt synlege på Vikahaugane dei neste åra. Selskapet har no fått sin eigen 3’ar-bane for dei minste utøvarane våre, samt firmalogo på ryggen til damelagsdrakten, i tillegg til fleire skilt rundt kunstgrasbana.

Ein avtale begge partar er godt nøgde med.

Artur, som er ein lidenskapelig fan av fotball, fekk overrekt ei damelagsdrakt med same draktnummer som sin favorittspelar – Robert Lewandowski.

Dziękujemy naszym przyjaciołom z Polski

Kategorier
Ymse