Stord Fotball

Stifta 1918

Omberamming

Omberamming av fotballkampar har fått ei ny, digital løysing i FIKS. Løysinga skal erstatte det gamle skjemaet på fotball.no og gjer det enklare å sende inn og få behandla ein førespurnad om omberamming (FOO). Ein førespurnad kan anten bli fullført automatisk etter at motstandar har stadfesta førespurnaden i FIKS, eller han må innom ein saksbehandlar i kretsen for å bli fullført.