1.5 Krav til Stord Fotball som klubb
3.3 Hospiteringsordning i Stord Fotball går slik:
3.4 Hospitering i barnefotball ved cupar/ turnering
3.5 Hospitering i ungdomsfotball ved cupar/ turnering
3.6 Fast flytting opp ein årsklasse
1. INNLEING
Føremålet med ein SPORTSPLAN er å gagne barne- og ungdomsfotballen i Stord Fotball. Den skal leggje grunnlaget for fornuftig og målretta opplæring i eit godt miljø for alle.
I Stord Fotball skal gutar og jenter skal verta gjeve det same tilbodet og verta behandla likt.
Planen skal:
- ta vare på fotballen sin sentrale plass blant barn og ungdom i distriktet.
- sikre kvalitet i klubben si utvikling av spelarar, slik at Stord Fotball kan gi eit godt aktivitetstilbod og utvikling opp mot seniorlaga på sikt.
- styrke klubbkjensla og lagmoralen mellom lag og grupper i Stord Fotball.
- skape ei felles plattform, eit felles språk som grunnlag for vidare debatt og utvikling
Utgangspunktet for arbeidet med sportsplanen har vore at fotballen har utvikla seg kraftig dei siste åra ved at det blir trena meir og betre. Dess meir borna trener dess større krav stiller spelarane sjølve og foreldra deira til kva klubben skal kunne tilby. Samstundes skaper auka trenings-mengder og ambisjonsnivå hos mange større avstand mellom dei med høgt aktivitetsnivå og dei som deltek i fotball meir for å ha litt aktivitet i kvardagen utan den store ambisjonen. Stord Fotball sin visjon er Breidde og Topp. Det set krav til klubb om å lage opplegg som er tilpassa mange med ulik «inngang» og innstilling til fotballsporten.
Innanfor «Breiddefotballen» er gjerne sjølve aktiviteten i «sentrum». Det er likevel viktig for motivasjonen til born og unge at dei får tilført «kompetanse» i form av god kvalitet på treningane. Kompetanse skaper auka motivasjon som er den avgjerande faktor for å oppretthalde aktiviteten langt inn i ungdoms- og vaksenåra for alle fotballspelarar. Målet for suksess innanfor «breiddedelen» av klubben vil vera å halde flest mogeleg lengst mogeleg innanfor den organiserte fotballsporten og i klubben.
Ved å definere «Topp-satsing» som ein del av visjonen til klubben har klubben teke eit ansvar regionalt i Sunnhordland for å gi talent i regionen eit tilbod som skal kunne skape toppspelarar. Ambisjonsnivåa til herre- og damelag er også på slikt nivå at «toppsatsinga» må innebere klare krav til trenarar i klubben om å få forståing for at målet på suksess innanfor «toppsatsinga» er å få eit høgt tal toppspelarar til å klare eit A-lagsnivå, på høgt nivå, eller å bringe spelarar til eit profesjonelt nivå som kan gi spelarane ei yrke innanfor fotballen. Slike visjonar forpliktar.
1.1 Verdisett Stord Fotball
Stord Fotball sin visjon er nedfelt i mottoet «Breidde skapar topp, og topp skapar breidde!».
Stord Fotball har ambisjonar om å vera ein viktig del av idretts- og kulturlivet i Stord kommune og har følgjande verdiar som skal vera førande for aktiviteten vår.
- MEISTRING
- GLEDE
- SAMHALD
Meistring er viktig for å sikre at spelarane og støtteapparat alltid jobbar mot å forbetre seg sjølv og laget, både individuelt, som ei gruppe og som klubb. Glede er viktig for å sikre at spelarane nyt prosessen med å spele fotball, for å halde motivasjonen høg, for å sjå fram til å møta opp og å kunna sjå tilbake på ei kjekk tid i fotballen. Samhald er viktig for å sikre at laget fungerer som ein heilskap, både på og utanfor banen, for å sikre at alle skal føla seg velkommen og at ein skal kjenna på tryggleik i Stord Fotball.
Stord Fotball har som mål å gi eit tilbod til alle som ynskjer å spela fotball, og medverka til at barn og ungdom utviklar gode haldningar basert på gjensidig respekt både på og utanfor fotballbanen. I barnefotballen ynskjer me å gi barna ei positiv oppleving av meistring saman med vener i eit trygt og kjent miljø.
For ungdomsfotballen ynskjer me å gi eit variert tilbod til alle, med mål om at fotballen vil vera ein arena kor både det sosiale og sportslege er motivasjon for å drive fysisk aktivitet. Ein kombinasjon av lagspel og individuell utvikling kor god helse og fysiske ferdigheiter i sunn konkurranse med jamaldrande er berekrafta.
Stord Fotball har i tillegg eit mål om å gi eit tilpassa tilbod til dei som har lyst til å trene meir. Dette gjer me gjennom ulike motivasjons- og spelarutviklingstiltak for barn og ungdom. Me ynskjer å gi eit tilbod med høg kvalitet til både medlemmer i Stord Fotball og også andre klubbar i regionen.
Stord Fotball har lagt ein bevisst framtidig strategi når det gjeld rekruttering til seniorlaga for herre og damer med fokus på ein balansert kombinasjon av eigenutvikling og tilføring av nye spelarar frå andre klubbar. Me har som mål at kvalitet og satsing på sportsleg utvikling vil gjere Stord Fotball til ein attraktiv arena og førstevalet for motiverte og treningsviljuge fotballspelarar i regionen.
1.2 Sportslege mål
- Utvikle eit best mogleg tilbod for unge fotballspelarar.
- Vera Sunnhordlands naturlege mål for dei eldste fotballspelarane med ambisjonar.
- Vera ein ressursklubb for klubbar i regionen og open for samarbeid med lokale skular
- Utvikle kompetente trenarar i kvar årsklasse.
- Tørre satse topp, samstundes som bredden blir godt ivaretatt
1.3 Årlege aktivitetsplanar
Skal sportsplan verta eit levande hjelpemiddel til å fremje måla våre, er det nødvendig at:
- Trenarar og lagleiarar for kvart lag gjer seg godt kjent og brukar sportsplan aktivt.
- Deltar på trenarforum, aktuelle kurs.
- Evaluering av sesong saman med sportsleg utal.
1.5 Krav til Stord Fotball som klubb
Stord Fotball skal:
- Gje alle eit tilbod.
- Ta medansvar for utvikling i regionen.
- Drive aktiv rekruttering av trenarar og leiarar.
- Spele ei naturleg rolle i oppvekstmiljøet i Stord kommune.
- Ta aktivt del i utviklinga av dei ivrigaste spelarane i Sunnhordland i alderen 13 – 19 år, saman med Hordaland Fotballkrets og NFF.
- Ha kvalifiserte trenarar og leiarar på alle lag.
- Tilby trenarkompetanse gjennom grasrottrenarkurs. Samt vidare utvikling med B og A-lisens
Krav som kvalitetsklubb er;
- BARNEFOTBALL (6-12):
- Ein trenar pr. lag med minimum barnefotballkvelden
- Ein trenar pr. årskull (seriedagar)/ påmeldte lag med minst NFF Grasrottrenaren 1.
- UNGDOMSFOTBALL (13-19):
- Ein trenar pr. lag med ungdomsfotballkvelden
- Ein trenar pr. påmeldte lag med NFF Grasrottrenaren 1 og 3.
1.6 Lagleiars ansvar
- Gyldig politiattest (Skal fornyast kvar 3. år).
- Saman med trenarar setje seg inn i, og følgje klubbens Sportsplan, klubbhandbok og NFF sine retningslinjer for aktuelle årsklassar.
- Signera lagleiar kontrakt
- Oppdatera lagslistene, og melda frå om spelarar som byrjar eller sluttar.
- Bidra på foreldre møter.
- Ansvarleg for påmelding til cupar.
- Organisera kampvert ved heimekampar (Fair-Play)
- Ansvarleg for utfylling av elektronisk dommarkort (FIKS), signering og kontroll av kortet etter kamp (Gjeld ungdomslaga 13- 19 år).
- Ansvarleg for flytting av kampar (omberamming).
- Stilla på lagleiarmøter i regi av klubb og krets.
- Oppfølging av lagsrekneskap iht. retningslinjer frå klubben.
1.7 Trenars ansvar
- Gyldig politiattest.(Skal fornyast kvar 3. år)
- Sette seg inn i og følge retningslinjer frå Stord Fotball (sportsplan, klubbhandbok osv.).
- Signere trenarkontrakt.
- Vær eit forbilde for spelarane. (jf. Trenervett frå fotball.no)
- Spelarane blir som deg, du er rollemodellen for spelaren.
- Har me smilet på lur, aukar moglegheita for at resten er i godt humør.
- Skryter me, aukar moglegheita for at resten av gjengen skryter av kvarandre.
- Skryter me av motstandarlagets prestasjonar, påverkar det både eige lag og motstandarlaget, og begge lags supporterar.
- Spelarane legg meir vekt på det du gjer enn det du seier.
- Gje ros og oppmuntring – det verkar positivt og konstruktivt.
- Gløym feilen – vis og fortel kva dei kan gjere.
- Vere like oppteken av alle spelarane og gje tilbakemelding utifrå deira nivå – hugs at me som idrettsleiarar og trenarar i Stord Fotball har eit delansvar for utviklinga av «heile mennesket».
- Hald god kontakt med føresette og informer om evt. negative/positive episodar.
- Ta ansvar for at kjefting og skriking frå sidelinja ikkje førekjem.(jf.. foreldre vett-reglane på Fotball.no)
- Trenarane har hovudansvaret for spelarane si framferd på banen.
Trenar og lagleiarkontraktar finner ein på Stordfotball.no under menyen Lag à skjema à Trenarkontrakt Stord Fotball/ Lagleiarkontrakt Stord Fotball
1.8 Krav til ein Stord spelar
- Respekter dommaren og trenaren sine avgjerder.
- Vis god folkeskikk. Banning og mobbing vert ikkje godteke. God framferd gjeld også på lagets reiser.
- Møt presis til trening og kamp.
- Oppfør deg mot andre som du vil at andre skal oppføra seg mot deg.
- Ingen bruk av rusmiddel i samband med laget sine aktivitetar.
- Problem tek du opp internt – vis lojalitet.
- Ta del i fellesoppgåver. Utfør pliktene dine med positiv innstilling.
- Hald i orden i eige og lagets utstyr. RYDD etter deg. Gjeld også på lagets reiser.
- Tap og vinn med same sinn.
Ein ekte Stord spelar skal vise ansvar, respekt, disiplin og toleranse i alle samanhengar.
1.9 Foreldres ansvar
Her gis det føringar for kva som er foreldras ansvar:
Foreldres ansvar
- Sett deg inn i klubbens sportsplan og følg føringane.
- Sørg for riktig utstyr til trening og kamp (drakt, leggskinn, sokkar, sko, klede til veret).
- Gi barnet mat og drikke før trening/kamp og send med eiga drikkeflaske.
- Hald deg oppdatert på info frå lagleiar/trenar og møt på foreldremøte.
- Meld forfall til kamp raskt ved sjukdom eller anna.
- Heia positivt på laget – respekter dommar, gi jamne og oppmuntrande tilbakemeldingar til alle.
- La trenaren gjera jobben sin – ikkje gi taktiske råd under kamp og du skal stå på motsett side av banen som trenaren/ inbytarar.
- Kom med forslag til forbetringar på ein ryddig måte direkte til trenar eller klubb.
- Snakk konstruktivt etter kamp – spør om innsats, læring og samarbeid, ikkje berre resultat.
1.10 Sportsleg Utval
Organisering av sportsleg utval finn ein beskrive i dokumentet «Organisasjonskart» på heimesida til Stord Fotball.
Utvalet er oppnemnt av fotballstyret, og er styrets ledd ut til den utførande idretten.
Utvalet er organisatorisk underlagt fotballstyret, og rapporterer direkte til styret v/leder. Ved behov deltar sportsleg leder i styremøte.
Utvalet skal:
- Inneha det praktiske eigarskap til fotballavdelinga sin sportslege plan, og ha det faglege ansvar for at den etterleves iht. intensjon, og utviklast iht. gjeldande krav og behov.
- Behandle og innstille til styret i sportslege spørsmål.
- Behandle og gjennomføre fagpraktiske saker – som f.eks. trenarkabal og trenerforum / trenersamlingar.
- Hjelpa til som rådgivar og diskusjonspartner for trenar og lagleiar i fotballavdelinga.
- Være ein pådrivar for at sportsplan blir fylgd og etterlevd.
- Være ansvarleg for å kartlegge og eventuelt rekruttere trenarkandidatar til alle lag.
2. SPELETID OG DIFFRENSIERING
2.1 Speletid
Barne- og ungdomsfotballens hovudmål er å gi så mange barn som mogleg et godt fotballtilbod og gode fotballopplevingar. Dette oppnår me ved å gi spelarar trygge sosiale rammer, gode meistringsopplevingar, eit differensiert treningstilbod og et likeverdig kamptilbod. Målet er å skape best mogleg balanse mellom meistring og utfordringar for å få tilrettelagt utvikling for alle. I barnefotballen skal alle spele tilnærma like mykje i kamp.
Barne- og ungdomsfotballen styres av både reglar og retningslinjer. Disse har bakgrunn i vår visjon, våre verdiar, NFFs Breddereglement og idrettens barnerettigheitar og bestemmingar (Barneidrettsbestemmelsene). Stord Fotball støttar og forhald seg til bestemmingane vedtatt av norsk idrett.
Barnefotball
Det er viktig å gi alle spelarar tilbod om lik speletid. Samtidig er det viktig å påpeike overfor spelar og foreldregruppa, at veldig stor forskjell i treningsoppmøte kan være ein faktor som ein tek med som eit rettferdigheits prinsipp (Frå 10år).
Nokre enkle grep som vil kunne bidra til å sikre minste speletid:
- Melde på nok lag på årstrinnet i seriespel.
- Klubben, saman med årstrinnet, er dyktig til å velgje rett nivå i seriespel. Jevne kampar gjer det lettare med mykje speletid for alle – samt gir best meistring og utvikling
Ungdomsfotball
Det er også i ungdomsfotballen viktig å gi alle spelarar rikeleg speletid. Alle spelarar som er teke ut i ein kamptropp skal få tilbod om å spele til saman minst ein omgang. Det kan gjerast unntak frå dette i sluttspel i cup/turnering, eliteturneringar, KM finale og NM kamper. Det er forut for slike kamper viktig at trenere tydeleg kommuniserer at det i disse kampane kan bli aktuelt med unntak frå regelen om minste speletid. Våre seniorlag, samt G19-1 og J19-1 er unntatt frå regelen om minste speletid.
Nokre enkle grep som vil kunne bidra til å sikre minste speletid:
- Melde på nok lag på årstrinnet i seriespel
- Klubben, samen med årstrinnet, er dyktig til å velgje rett nivå i seriespel. Jevne kampar gjer det lettare med mykje speletid for alle – samt gir best meistring og utvikling.
2.2 Differensiering
Det vil seie og leggja til rette fotballaktiviteten ut frå det enkelte barns interesse, dugleik og modning. Alle får tilbod om same mengde treningar og aktivitetar på feltet. (Spelar vel mengde på treningar sjølv.)
På feltet handlar det om at spelarane er saman, men får ulik påverknad. Innholdet i aktiviteten vert tilpassa spelarens ståstad slik at alle får rett mengde meistring og utfordring, ut frå kvar deira flyt sone er. Det er viktig å påpeike at differensiering er dynamisk og kan gjennomførast forskjellig frå trening til trening.
Differensiering må ikkje mistolkast slik at ein til dømes ein deler inn i faste grupper basert på like ferdigheiter og beheld desse over tid. Det er å selektera – det skal ikkje skje. Fotballdugleik er samansett, og spelarane kan ha ulike styrker; nokre er hurtige, andre taklingssterke, andre igjen kan vera tekniske med ball eller ha stor arbeidskapasitet. Og laget har bruk for ulike typar!
Differensiering vil seie å ta utgangspunkt i den enkelte sine styrker og/ eller svakheiter, og leita etter måtar å organisera treninga på som er gunstig både for den enkelte og for laget. Differensiering er å individualisere treninga innanfor ramma av laget slik at alle opplever meistring, utfordring, utvikling og maksimal motivasjon for vidare læring. Det er og viktig å påpeike at flyt sona endrar seg over tid. Den som treng tid som 8-åring, kan som 13-åring ta ting kjapt. Når ein differensierer tar ein utgangspunkt i no situasjonen, men ein skal aldri gløyma at den kan endra seg over tid.
2.3 Seleksjon
Seleksjon er å gi nokon enkeltspelarar eller grupper et eksklusivt tilbod. Det kan være i form av fleire treningar og kamper som ikkje er opne for alle som vil delta. Seleksjon skal ikkje førekomme før tidlegast det året spelaren fyller 13 år.
Landslagsskulen startar opp året spelarane fyller 12. Dette er en seleksjon i regi av krets og forbund, men der klubbene nominerer inn spelarane.
2.4 Topping
Topping er en seleksjon knytt til kampen, der enkeltspelarar får vesentleg meir speletid enn andre, basert på ferdigheitsnivå per dato. Topping er resultatbasert og ikkje meistringsbasert. Dette skal ikkje førekomme i barnefotball, og ein må være varsame i eldre årsklassar.
3. HOSPITERING
Gode hospiterings ordningar er eit verkemiddel for læring.
Utgangspunktet for hospitering er at spelarar med gode ferdigheiter og haldningar deltar på trening med eldre lag. All vurdering rundt hospitering blir gjort utelukkande ut ifrå kva som er best for spelaren – ikkje laga.
Hospitering blir i utgangspunktet og i første omgang eit tillegg til eigen treningsgruppe, innanfor ein bestemt periode. Det skal setjast krav til mentalitet, haldning og ferdigheiter, og hospitering kan gjelde både i trening og i kampsituasjon.
Kriteriene for den enkelte hospitering styres av Sportsleg Utval i samråd med trenarane, spelar og foreldre. Samarbeid, planlegging og god kommunikasjon er avgjerande for ei god hospiteringsordning.
Det skal alltid signerast ein hospiteringsavtale saman med Sportsleg utval, hovud-trenarar for begge lag og foreldre. (Dette gjeld frå 10år til 15år)
Dersom det oppstår ueinigheit mellom trenarane i forhold til temaet hospitering skal Sportsleg Utval involverast og bidra til løysingar ut ifrå klubbens verdiar og målsetningar og til beste for spelaren.
I utgangspunktet bør heller ikkje hospitering skje enkeltvis, men gjerne fleire frå same lag.
Det blir einigheit i hospiteringsavtalen kven trenarar som har det daglege ansvaret for å ivareta spelaren med tanke på blant anna totalbelastning. Ein spelar bør i utgangspunktet ikkje ha meir enn 1,5 kampar i gjennomsnitt pr. veke. Det er viktig å ha tid til å trene.
Hospitering for jenter over til gutelag bør også vurderast der spelarar held godt ferdigheitsnivå. Det er som regel også liten forskjell på den fysiske biten for gutar og jenter i barneåra. Det som er meir viktig er at den enkelte spelar i slike tilfelle ynskjer dette sjølv og at den sosiale biten blir ivareteke.
3.1 Kven kan hospitere?
Ein spelar som er 10 år eller eldre og som har sportslege ferdigheiter utover sin egen årsklasse/treningsgruppe, og som i tillegg er sosialt moden nok og har gode haldningar, kan (spiller til og med 12 år) eller skal (spiller frå og med 13 år) få et sportsleg tilbod ut over det ordinære tilbodet. Aktuelle spelar bør/ skal i tillegg ha gode haldningar og god motivasjon samt et ønske om å utvikle seg som fotballspelar. Hospitering kan også gjelde jenter som kan få tilbod om å spille på et gutelag.

*Det vil være tilhøve der fysikk og tidleg utvikling av ferdigheiter gjer dette nødvendig.
3.2 Hospiteringsavtale
Ved all hospitering av spelarar i alderen 10-15år i Stord Fotball skal det signerast ein hospiteringsavtale, denne finn ein på Stordfotball.no under menyen Lag à skjema à Hospiteringsavtale.
3.3 Hospiteringsordning i Stord Fotball går slik:
- Hospitering skal initierast av spelarens trenar. Det er ho/ han som kjenner spelaren best, og som kan sjå behovet for ekstra utfordringar.
- Spelarens trenar kontaktar trenar på hospiteringslag og SU, og saman finner de treningsøkt(er) som passer best.
- Spelarens trenar og eventuelt SU snakkar med aktuell spelar om hospiteringa for å understreke konsekvensane av dette. Spelaren sjølv må få valmoglegheitene samt foreldre/føresette skal involverast.
- Spelarens trenar, trenar hospiteringslag, SU og foreldre, fyller ut og signerer hospiteringsavtale.
- Hospitant tas i mot og presenterast for spelargruppa. Det er viktig å forklare for resten av spelargruppa at hospitanten skal være med under gitte aktivitetar (trening og kamp), og behandlast på lik linje som resten.
- Hospiteringsavtalene bestemmast og evaluerast gjennom jamleg dialog:
Spelarens trenar, trenar på hospiteringslag og SU vurderer om spelaren er i flyt sona eller ikkje. I tillegg at hospitanten glir inn i det sosiale miljøet.
Trenar på hospiteringslag, spelarens trenar og SU vurderer om ekstratreninga gir for stor treningsbelastning totalt sett.
Hovudregelen i Stord Fotball er at hospitering er et tilbod som kommer i tillegg til (ikkje i stadet for) treningar på eige årskull.
Fast flytting opp éin årsklasse vil veldig sjeldan være aktuelt, og slike tilfelle er godt dekka inn i sportsplanen (Sjå kap.3.6 Fast flytting opp ein årsklasse.)
*SU = Sportsleg Utval
3.4 Hospitering i barnefotball ved cupar/ turnering.
Hospitering kan vera eit nødvendig verkemiddel for å sikre at eit lag har tilstrekkeleg med spelarar til å delta i ei turnering.
Der lag i eit alderstrinn manglar spelarar til enkelte cup/ turnering for å melde på nok lag til å ha passeleg tal på innbytarar. Kan laget låne spelarar frå alderstrinnet under til cup/ turnering. Alle avtaler om lån av spelarar skjer mellom trener/lagleiar på de enkelte lag. Trenar frå lag som låner ut spelar bestemmer kven som skal få tilbodet, det skal rullerast på spelarar. Spelarar og foreldre skal ikkje kontaktast direkte men være involverte.
Det kan væra ein fordel at spelar er med på ein til to treningar før cup/ turnering for å bli kjent med gruppa og trenarane. Men ikkje fast, då skal hospiteringsvilkår følgjast og avtale signerast.
Når det gjelder bruk av hospitantar/lån frå andre klubber under en turnering, bør dette berre førekomme dersom det ikkje lar seg gjere å hospitere internt i klubben, med spelarar frå trinnet under.
Ved hospitering frå andre klubbar er det viktig å sjå til at dette ikkje medfører at egne spelarar får mindre speletid under turneringa. Denne hospiteringa kan vera eit nødvendig verkemiddel for å sikre at eit lag har tilstrekkeleg med spelarar til å delta i ei turnering.
Dersom eit lag skal ha med spelarar frå andre klubber i ei turnering, skal dette informerast om i god tid til klubb v/ sportsleg leiar.
Når hospitantar frå andre lag i klubben eller frå andre klubbar reiser på ei turnering med eit Stord Fotball lag, skal dei vera med på like vilkår, også med tanke på speletid.
3.5 Hospitering i ungdomsfotball ved cupar/ turnering.
Hospitering kan vera eit nødvendig verkemiddel for å sikre at eit lag har tilstrekkeleg med spelarar til å delta i ei turnering.
Der lag i eit alderstrinn manglar spelarar til enkelte cup/ turnering for å melde på nok lag til å ha passeleg antal innbytarar. Kan laget låne spelarar frå alderstrinnet under til cup/ turnering. [TESN5] Alle avtaler om lån av spelarar skjer mellom trener/lagleiar på de enkelte lag. Trenar frå lag som låner ut spelar bestemmer kven som skal få tilbodet, det skal rullerast på spelarar. Spelarar og foreldre skal ikkje kontaktast direkte men være involverte.
Det kan væra ein fordel at spelar er med på ein til to treningar før cup/ turnering for å bli kjent med gruppa og trenarane. Men ikkje fast, då skal hospiteringsvilkår følgjast og avtale signerast.
Når det gjelder bruk av hospitantar frå andre lag i klubben eller frå andre klubber under ei turnering, er det viktig å sjå at dette ikkje medfører at egne spelarar får vesentleg mindre speletid under turneringa. Hospitering kan være et nødvendig verkemiddel for å sikre at eit lag har tilstrekkeleg spelarar til å delta i ei turnering. Det kan også bidra positivt til eit betre samarbeid med andre lag i klubben eller med naboklubbar.
Sommar turneringar som Dana Cup, Norway Cup og Gothia Cup er ofte høgdepunktet i sesongen for heile laget. Alle spelarar i treningsgruppa må få tilbod om å vera med på ei slik turnering og alle må få godt med speletid. I utgangspunktet tek ein berre i bruk hospitantar frå andre lag i klubben eller frå andre klubbar under ei slik turnering for å kunne vera i stand til å stilla lag.
I Eliteturneringar, mot meir kvalifisert motstand, opnast det opp for at berre deler av spelarane i treningsgruppa får tilbod om å delta. Her er det også større rom for å invitere med hospitantar frå andre lag i klubben eller frå andre klubbar. Det er viktig at det er full openheit om deltaking i ei slik turnering i heile treningsgruppa, og at spelarar som ikkje deltar, så langt det er mogleg, gis tilbod om ei alternativ turnering.
Dersom eit lag skal ha med spelarar frå andre klubbar i ei turnering, må dette godkjennast på forhånd av Sportsleg Utval for ungdom. Tilsvarande må det føreligga skriftleg godkjenning på forhånd frå spelaren sin egen klubb.
Når hospitantar frå andre lag i klubben eller frå andre klubbar reiser på en turnering med eit Stord lag, skal dei vera med på like vilkår også med tanke på speletid.
3.6 Fast flytting opp ein årsklasse
Dersom ein spelar er god nok til å forsvare ein fast plass i førsteniaren/ førsteellevaren (Ungdomsfotball) til laget over, kan spelaren få tilbod om permanent å tilhøyra laget over, men etter avtale med trenarane, spelar, foreldre og sportsleg utval. Spelaren bør likevel delta på enkelte treningar på eige lag. Miljø og trivsel er viktige faktorar, ein skal ikkje flytte ein spelar utan å vera sikker på at disse kriteria er på plass.
Dersom eit årskull, tal messig, er avhengig av spelarar for å unngå å miste eit heilt kull, må ein finne smidige hospiteringsløysingar for å unngå dette saman med sportsleg utval.