Stord Fotball

Stifta 1918

Puttemagasinet 2025 er klart!

Stord Fotball er stolte over å presentera årets utgåve av Puttemagasinet, laga til Puttefestivalen 2025.

Stord Fotball er stolte over å presentera årets utgåve av Puttemagasinet, laga til Puttefestivalen 2025. Magasinet er sett saman av Chris Lunde, som har hatt ansvar for design og oppsett, samt bidrag på tekst og innhald. Ole Litlabø Eikenes har hatt ansvar for både saker og foto, samt god dialog med sponsorar.

I magasinet kan du mellom anna lesa om Arve og dei gode hjelparane, Ungutane som bankar på døra til a-laget, Dei som tok sats, og om meistring, glede og samhald. Du finn òg presentasjon og bilete av alle laga våre.

Puttemagasinet er trykka opp i 500 eksemplar, og er tilgjengelig på årets Puttefestival.

Ein stor takk går til sponsorane våre – utan dykk hadde dette prosjektet ikkje vore mogleg.

Sjekk ut den digitale utgåva her:
https://stordfotball.no/puttefestivalen/puttemagasinet-2025/

Kategorier
Ymse