Stord Fotball

Stifta 1918

Ny fotballfritidsordning for dei yngste

No startar Stord Fotball opp fotballfritidsordninga SUBSHORE FFO – eit nytt og spennande tilbod for gutar og jenter i 2. og 3. klasse.


SUBSHORE FFO

Tilbodet er for gutar og jenter i  2. og 3. klasse.  

Fram til haustferien vil tilbodet vera gratis.

Etter haustferien er prisen kr 450,- per månad.

Ein dag på FFO:

Etter skuleslutt: elevane vert henta på skulen

14:00-14:15 Fruktmåltid i fotballstova på Vikahaugane
14:15-15:30 Fotballtrening
15:30-15:45 Henteperiode. (henteperioden kan bli utvida til 16:15 etter haustferien.

Påmelding her:

Påmelding via Spond

Kategorier
Ymse