Stord Fotball

Stifta 1918

Saman – både på og utanfor banen

I dag møttest Stord G2013 og G2014 til kampar mot kvarandre.

Det vart scoringar, litt bomskot, gode initiativ, nokre tunnelar, mislukka finter, fine angrep og alt det som høyrer barnefotballen til. Men den viktigaste delen av dagen kom eigentleg etterpå.

For i fotballstova var alle eitt lag. Der vart det pizzabollar, latter, praten sat laust og nye band gjennom tettare kjennskap vart knytt, på tvers av alder.

Om ikkje lenge skal mange av desse gutane starte saman på ungdomsskulen. Då er tryggleik, kjennskap og fellesskap gull verdt.

Fotball skapar noko større enn resultatet. Og i dag såg vi akkurat det.

Stord Fotball –
meistring ⚽ glede 🖤 samhald 🤍

Kategorier
Ymse