Det finst ekte fotballglede – som denne historia viser!
Fotballglede utan grenser – frå Bergen til Stord for å heia på heltane!
Det finst ekte fotballglede – som denne historia viser!
Sebastian Espelid Brkic, 11 år frå Bergen, har verkeleg fått hjartet sitt til å banka for fotball. Ikkje berre for Brann, men òg for Stord sitt tredjedivisjonslag.

Draumen hans? Å eige ein ekte Stord-drakt.
Då klubben fekk melding om at Sebastian ønskte å kjøpa drakt, tok me kontakt og inviterte han like godt på kamp! Og sjansen greip han med begge hender. Saman med far sin, Zdravko Brkic, reiste han frå Bergen til Stord for å sjå kampen mot Brodd laurdag 11. oktober. Snakk om dedikasjon!
Denne historia viser kor mykje fotball kan bety – ikkje berre som idrett, men som ei kjelde til meistring, glede og samhald. Me heiar på unge supportarar som spreier entusiasme og kjærleik for lokalfotballen!
