Stord Fotball

Stifta 1918

Subshore Akademiet Ungdom – Morgontrening for deg som vil mest!

Går du på ungdomsskulen og har lyst å satse på fotball. Gratis morgontrening fram til haustferien.

Går du på ungdomskulen og har lyst til å satse på fotball? Har du vilje, driv og ambisjonar? Då er morgontrening med Subshore Akademiet noko for deg!

Fram til haustferien er tilbodet gratis og ope for alle som vil prøve seg – etter det blir det gjort uttak basert på innsats og utvikling.

Kva får du som deltakar?

  • Trening med dyktige og kvalifiserte trenarar
  • Personleg oppfølging og tilrettelegging
  • Fysioterapeut som følgjer opp belastning og skadeførebygging
  • Levering på skulen etter trening – enkelt og praktisk
  • kamptilbod mot andre akademi

Målet:
Å utvikle deg fysisk, mentalt og sportsleg – med støtte frå eit profesjonelt apparat som ser deg og vil hjelpe deg vidare.

Når og korleis?
Treningane skjer på Vikahaugane fredags morgonen før skuletid. Du møter opp, gir alt – og blir levert på skulen etterpå. (Gjeld Nysæter og Nordbygdo)

Dette er for deg som vil mest.
Er du klar for å ta steget? Meld deg på og bli ein del av Subshore Akademiet – der innsats og vilje blir sett pris på!

Tilbodet er for alle klubbar i Sunnhordland!

Oppstart fredag 12. september

Meld deg på i Spond via denne linken

https://spond.com/invite/ASDYV

Kategorier
Ymse